Kundesenter
Kundesenter
Kundesenter

Harde frontar på Sølvberget

- Sponsing går ikkje saman med biblioteket si demokratiske rolle, hevdar Tove Gausen i Bibliotekarforbundet

Blanda: Stig Bjønnes, med dottera Lilly Louise, og Greta Henriksen veit ikkje heilt kva dei skal tru om sponsing. (Foto: Egil Eriksson)
Publisert 02.03.2006 09:43 - Oppdatert 02.03.2006 10:10

- Fossil haldning, meiner kollega Hildegunn Birkeland i Fagforbundet. Begge jobbar på Sølvberget. Spørjande haldning blant brukarar Aftenbladet traff på biblioteket igår.

- Stavanger Bibliotek er grodd fast i gamle former, seier Hildegunn Birkeland i Fagforbundet, der vel 30 av dei tilsatte på Sølvberget er organiserte.

Ho meiner Bibliotekarforbundet sin redsel for sponsormidlar er fossil:
- Nå byggjer vi jo nytt konserthus i Stavanger - det blir sponsa. Vi skal vera kulturhovudstad i 2008 - den blir også sponsa. Bibliotekarforbundet må oppdatera seg.

- Men biblioteka er faktisk nemnde i Grunnlovas paragraf 100 om ytringsfridom, seier Tove Gausen i Bibliotekforbundet, som organiserer 21 av dei tilsatte:
- Vi skal vera ein av grunnpilarane i demokratiet. Difor må vi vera sjølvstendige i forhald til leverandørar og pressgrupper - vi skal ha ei objektiv samling.

Eritrea og USA
- Korleis kan det då ha seg at dei på biblioteket sender pengar med eritrearar som skal heim på ferie, for å kjøpa inn bøker til biblioteket, spør Birkeland, og fortset:
- Dei kjem jo tilbake med bøker på eit språk ingen av bibliotekarane kan forstå - dei har jo ingen kontroll på kva som står der. Dei må jo vera konsekvente, i det minste.

Gausen finn den samanlikninga merkeleg:
- Det er faktisk vanskeleg å få tak i bøker på eritreisk og somalisk, det same kan neppe seiast om amerikanske bøker. Dessutan blir alle bøker vi ikkje kan lesa sjølv, sjekka av offentlege translatørar.

- Bibliotekarar skal ikkje driva sensur, meiner Birkeland.

Ho meiner motargumenta frå Bibliotekarforbundet byggjer mest på synsing:
- Dette dreier det seg om eit samarbeid, der Sølvberget har det fulle og heile ansvaret for kva som skal kjøpast inn, kva vi vil visa, eller kven vi vil invitera. Det ligg ingen føringar frå den amerikanske ambassaden her.

- Det er klart det ligg føringar på ein slik årleg sum som dette er, meiner Gausen.

- Folkebiblioteka må ha integritet.

Held debatten varm
I den klassiske avdelinga i biblioteket vedtok dei i går at viss dei blir nøydde til å motta bøker i samband med denne avtalen, vil dei merka dei, og plassera dei saman fysisk, sånn at publikum lett kan skilja dei ut.

- Viss ikkje biblioteket vil bruka midlane, skal iallefall vi i programavdelinga vita å bruka dei, slår Birkeland i Fagforbundet fast, og legg til at ho ikkje kan sjå at det er duka for problem framover på Sølvberget - vedtaket er gjort.

- Vi kjem til å arbeida for å halda debatten varm fram mot oktober, både internt og eksternt, opplyser Tove Gausen i Bibliotekarforbundet.

I oktober skal styret ta stilling til om ein skal fornya avtalen.

Del:

Mer

Les også

  • For en neve dollar

    Visst lukter penger. Sponsoravtalen med den amerikanske ambassaden som styret for Sølvberget kulturhus sa ja til tirsdag, har ingen god odør.

  • Mary Miller har full tillit til Sølvbergets ledelse

    - Jeg kan ikke tenke meg at kulturhussjef Trond Lie vil ta imot penger fra en ambassade dersom det er knyttet betingelser til bruken, sier 2008-direktør Mary Miller.

  • Giske positiv til biblioteksponsing

    - Vi driv jo sjølv med dette heile tida, seier kulturministar Trond Giske (Ap), og siktar til norske ambassadar sitt kulturarbeid.

  • Vill vest på Sølvberget?

    Kruttrøyken ligg nå så tjukt over Sølvberget og Stavanger at nokon kvar ser ut til å ha mista sikta og derfor skyt frå hofta mot bibliotek- og kulturhussjefen - og ikkje minst mot stråmenn.

  • - Bokgave er ikke politikk

    Bokgave og pengestøtte fra USAs ambassade til Sølvberget kulturhus er kulturformidling. - Dette handler ikke om politikk, sier ambassadør Ben Whitney.

  • Usikre brukarar

    Spørjande haldning blant brukarar Aftenbladet traff på biblioiteket onsdag.

  • Biblioteksponsing

Kundesenter

Diskuter denne saken

8 antall innlegg
8
innlegg

Skriv din kommentar

Tittel *

KommentarMaks 2000 tegn

Fornavn *
Etternavn *
E-post *


Aftenbladet ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og eventuelt fjerne innlegg. Klikk her for å lese alle reglene for debatten.

Aftenbladet.no

Hete dager i NSB?

- Et bilde på hvor mange av dagens pendlere mener NSB kan dra? spør Alf Andre Grannes, som tok bilde av den usedvanlig varme informasjonen.
Jæren: Les mer

Knipset Google-bilen i aksjon

Aftenbladets journalist Rune Vandvik knipset Google-bilen da den kjørte på Misjonsveien 9. september i fjor. Og havnet selv på nettet.
Lokalt: Les mer

Nekter å vedta bot for seksuelt overgrep

En taxieier (26) er av politiet ilagt et forelegg på 15.000 kroner for seksuelt overgrep av en kvinnelig passasjer (26).
Lokalt: Drosjeeier 2

Kundesenter

Saka:

Styret ved Kulturhuset Sølvberget har sagt ja til å inngå ein sponsoravtale verd 50 000 dollar med den amerikanske ambassaden.

Avtalen:
Kan omfatta:
Besøk av amerikanske forfattarar, musikarar og artistar, utstillingar eller innkjøp av amerikanske medier
Gjeld: Heile verksemda til Sølvberget KF, ikkje bare biblioteket.

Utvalet: Sølvberget KF vel kven dei vil invitera, kva dei vil visa, eller kva dei vil ta inn i biblioteket.

Til gjengjeld: Sølvberget KF stiller arenaer til disposisjon for formidling av amerikansk kultur

Kundesenter
Skatt

Fornavn:

Etternavn:

Formuetoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira
Inntektstoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira
Skattetoppene: Stavanger · Sandnes · Eigersund · Haugesund · Karmøy · Bjerkreim · Bokn · Finnøy · Forsand · Gjesdal · · Hjelmeland · Klepp · Rennesøy · Kvitsøy · Lund · Randaberg · Sauda · Sokndal · Sola · Strand · Suldal · Time · Utsira
Kundesenter

09.02. 20:30
MARTINIQUE: PUB QUIZ
Checkpoint Charlie Hard Rock Cafe

10.02.
Utlendingen
Rogaland Teater

10.02.
Vi som er hundre
INTIMSCENEN

Select Date
Ukens kundeaviser
  • Bør mor hugge mer ved, bør samferdselsministeren forby busseter som står mot kjøreretningen eller var verden bedre da Bush bodde i Texas? Ingen mening for stor, ingen mening for liten for Aftenbladets fredagsmagasin Pluss.

    Klikk her for å gi oss din mening

Siste Kultur

Kundesenter

Sistesaker

Ukens kundeaviser
Kundesenter
Kundesenter
Kundesenter
Kundesenter